| Å drive med naturleg kyrkjelydsutvikling i vår samanheng er både ei lekse i tolmod, positive overraskingar og fokus.
Meland kommune har om lag 6700 innbyggarar og ca 5800 er medlemmer i Den norske kyrjka. Kommunen vert meir og meir vert prega av å ligge nær Bergen; Nybygging, tilflytting og ein ung befolkning pregar lokalsamfunnet. Samtidig er det mykje frå den gamle bygdekulturen som set preg både på samfunn og kyrkjelyd. Dette er bedehuslandet, og det var bedehuset som var den viktigaste samlingsstaden for dei kristne inntil for få tiår sidan (inkl. pinsekyrkjelyd). Kyrkja kom meir som eit tillegg for mange. Men forholdet mellom kyrkje og bedehus har vore positivt. Eige prestegjeld og fast gudsteneste kvar søndag i Meland vart det ikkje før i 1991. Det kristelege miljøet i kommunen er også kjent for å ha mange ressurspersonar , kanskje som ei frukt av folkehøgskulen på Frekhaug. Det er berre ein kyrkjebygning i kommunen og den ligg nokre kilometer frå dei tettast folkesette stadane. Ei gudsteneste i månaden er i det siste lagt til Frekhaug bedehus. Det er også 6 gudstenester i året på Husebø lengst nord i kommunen.
Heilt frå starten med naturleg kyrkjelydsutvikling i 2000 såg vi utfordringa i å finne seg sjølv: Kven er Meland kyrkjelyd? Korleis kan vi bygge forsamling (kyrkjelyd) i ein slik kyrkjelyd? Kven kan vi rekne med? Dette spørsmålet blir ein ikkje så fort ferdig med, og vi er heller ikkje ferdig.
 |
| Fyrste profil, klikk for større bilde (PDF) |
Fyrste profilen i 2000:
Den første profilen synte at vi spesielt hadde ei utfordring på nådegåvebasert teneste og utrustande leiarskap. Samtidig var gruppene ganske livsnære. Men ingen av gruppene var organisert av kyrkja sjølv; det var misjonsgrupper, ”private” bibelgrupper og lovsongsgrupper. Det vi gjorde i starten var å jobbe med nådegåvekurs for soknerådet og som ope arrangement. Utrusting til teneste har også vore eit tema i forkynninga. Fleire vart sett i sving med ulike tenester knytt til gudstenestene. Vi valte også, med litt nyttig motstand frå rettleiaren vår, å byrje med husgrupper organisert av kyrkjelyden. På to år kom det i gang ni grupper, det var tydeleg noko folk kjente trong for.
 |
| Andre profil, klikk for større bilde (PDF) |
Andre profilen i 2002:
Etter å ha vent oss til tanken at vi var langt nede på skalaen på første profil, var det ei svært positiv overrasking med den andre profilen. Både dei felta vi hadde jobba bevisst med og det vi ikkje hadde satsa spesielt på gjekk fram. Ting heng saman og når ein får betring på eitt felt verkar det også inn på andre felt. Trass i ein vanskeleg periode, med sterke spenningar i kyrkjelyden og ei stor gruppering som braut ut, var det optimisme å finne i resultata.
Så vart det arbeidd vidare i to år før neste profil. Det vart arbeidd med oppfølging av gruppene og det vart sett i gang med temagudstenester med litt ny profil, der temaet på gudstenesta ein gong i månaden også danna utgangspunkt for samtaleopplegg i husgruppene. Søndagsskulen i kyrkja gjekk gjennom ei krise og nedlegging. Men han kom i gang igjen, og vart etterkvart revitalisert som Løvegjengen. Dette ser vi som ei frukt av husgruppene, initiativ og leiarar kom frå gruppene. Deltakinga på gudstenestene, ikkje minst av unge familiar, fekk etterkvart eit oppsving. I same periode vart også konfirmant- og ungdomsarbeidet lagt mykje om og ein sette i gang med Fredagsåpent – eit tilbod for dei kyrkje-uvante. Soknerådet valte å omprioritere stillingsressursane og tilsette i 2004 ein kyrkjelydskoordinator, med oppfølgjing av det ulønna arbeidet (spesielt i grupper og gudstenester) og administrasjon av det kyrkjelydsbyggande arbeidet i soknerådet som hovudoppgåver. Dette var ei viktig satsing direkte inspirert av tenkinga i naturleg kyrkjevekst. Det vart også tilsett ein ungdomsarbeidar saman med Frekhaug indremisjon same året og arbeidsområdet hans var også mykje utrusting av leiarar i ungdomsarbeidet
 |
| Tredje profil, klikk for større bilde (PDF) |
Tredje profil 2005:
Den tredje profilen synte svak framgang på dei fleste kvalitetane. Engasjert trusliv og inspirerande gudstenester hang igjen og varme relasjonar gjekk litt tilbake. På nådegåvebasert teneste ser det ut til at vi hausta frukter av arbeidet vi hadde gjort tidlegare. Gruppene var no komen opp på over 70 på profilen. Ungdomsgruppene (VOLUM) hadde på få år vakse til eit like stort arbeid som dei vaksne husgruppene (pr haust 2006 større) – og svært mange konfirmantar blei med vidare i grupper etter konfirmasjonen. I oppbygginga av ungdomsarbeidet hadde vi gjennom fleire år god hjelp av medarbeidarar frå Norge for Jesus.
 |
| Utvikling frå første til tredje profil, klikk for større bilde (PDF) |
I tida etterpå sette vi inn noko innsats i forhold til minimumskvaliteten Engasjert trusliv. Vi hadde oppe slike tema i temagudstenestene og vi fekk igang utsending av bønnelister annakvar veke, og eitt meir organisert bønnearbeid i samband med gudstenestene. Ei av gudstenestene i månaden er flytta til sentrum i kommunen i samarbeid med Frekhaug indremisjon. Desse gudstenestene har noko meir ulønna innsats også på planleggingssida.
Den siste tida mot fjerde profil vart det mindre av oppfølgingsarbeidet rundt dei frivillige. Dei som hadde hovudansvaret for det i staben måtte fokusere på andre felt, av ulike grunnar. Trusopplæringsmidlane som vi fekk i 2007 til prosjektet ” Kyrkja på vegen” krov mellom anna mykje administrasjon og fokus. Det er mykje posititivt med trusopplæringsreforma, men med midlar kjem også eit krav om fokus. Utfordringa er å lære seg å sjå trusopplæringsarbeidet og øvrig strategiarbeid i ein samanheng. Samarbeidet om ungdomsarbeidar vart avslutta i denne perioden, men vi har framleis ungdomsarbeidar.
 |
| Fjerde profil, klikk for større bilde |
Fjerde profil 2008:
Den fjerde profilen vart gjennomført i desember 2008. Den syner tilbakegang eller stagnasjon på dei fleste kvalitetane i høve til forrige profil. Kvalitetane følgjer det same mønsteret som tidlegare og snittet på kvalitetane låg no så vidt over 50, som er litt nedgang frå sist. Det er framleis engasjert trusliv som er minimumsfaktoren. Profilen var prega av ein litt motlaus kyrkjelyd. Begge prestane hadde gitt beskjed om at dei skulle slutte ved byrjinga av 2009, og kyrkjeverja går av med pensjon i desember. Frekhaug indremisjon hadde bestemt seg for å byrje for alvor med forsamlingsbygging og satsa på storsamlingar enkelte søndagar om formiddagen.
Så kom våren 2009 med flytting i brakkekontor, ny kyrkjeverje, vikarløysingar på prestesida. Ein slag unntakstilstand, med andre ord. Soknerådet fekk sett ned eit strategiutval som kom i gang i juni 2009. Same månad kom begge dei nye prestane på plass: soknepresten og undervisningspresten. I september var det soknerådssval og i desember var det nye soknerådet i gang.
Hausten 2009 og våren 2010 fram mot femte profil har vore prega av at no er det mykje nye folk på plass, vi treng tid til å bli kjent, til å samtale, tenke over om vi skal endre mønster og gamle rutinar. Det er mange nye som skal lære om korleis kyrkjelyden fungerer som organisasjon, og det må ta si tid. Samtidig er det forfriskande med ”nye kostar”. Mykje meir optimisme er å spore både i stab, sokneråd og kyrkjelyd. Dette trass i at Frekhaug indremisjon er i gang med storsamlingar annakvar søndag formiddag og gudstenestedeltakinga i Meland kyrkje har nedgang. Vi håpar at vi etterkvart samla sett når vidare ut. Strategiutvalet har gjort ein god jobb både for å gje soknerådet gode innspel og inspirere kyrkjelyden. Ny tiltaksplan vart vedtatt i vår, og tiltaka er i gang. Tiltaka er å bygge fellesskapet i soknerådet, ha ein temamånad kalla ”Teneste med trivsel” , bygge om tenestene rundt gudstenestene frå listebaserte tenester til gudstenesteteam og å vurdere om vi skal skaffe oss eit lokale i kommunesenteret for å drive med diakonale tiltak.
Når vi ser oss tilbake, kan vi sjå at det har skjedd mykje. Vi kan takke kyrkja sin Herre for at positive endringar skjer både med og utan vår medverknad. Nokre medarbeidarar tek eit bevisst val om å gje kreftene til indremisjonsforsamlinga, men det kjem også nye til hjå oss. Kyrkjelyden vår er ei stor og tung skute å endre kursen på Det tar tid å endre haldningar, å bygge opp gode strukturar og å lære seg til å lytte til Gud. Då er det viktig å gle seg over det som går i rett retning og å fokusere på det vi kan påverke. |